Bli medlem av løypelaget

Utvikfjellet løypelag har som oppgåve å lage turløyper i det området som kanskje er fylkets flottaste utfartsområde.

Drifta av løypelaget er basert på inntekter som kjem frå laget sine medlemmer.

Medlemskap kan teiknast av einskildpersonar, lag eller organisasjonar. Dette vere seg hytteeigarar, grunneigarar, næringsdrivande eller andre som styret godkjenner.

Medlemskap vert etablert ved  teikning av ein eller fleire andelar.

Prisen for kjøp er sett til kr.1.500,- pr. andel. (eingangsum)

Medlemmene betaler ei årleg avgift for årskort langrenn,  som årleg vert vedteken på medlemsmøtet. Denne er satt til kr. 900,- og inkluderar og årskort for parkering. Det er høve for å betale for årskort, sjølv om ein ikkje er medlem av løypelaget, men ynskjer å støtte arbeidet med å lage framifrå langrennsløyper.