Velkomen til Utvikfjellet!

Årsmøte 2022

INNKALLING TIL ÅRSMØTE I UTVIKFJELLET LØYPELAG SA

Det vert med dette kalla inn til årsmøte i laget for rekneskapsåret 2021 søndag 12.6.2022 kl.20.00 på advokat Hans Lothe sitt kontor på Sandane.

Sjå sakliste her


framsidebilde

Bli medlem i løypelaget!

Utvikfjellet løypelag har som oppgåve å lage turløyper i det området som kanskje er fylkets flottaste utfarstområde.

Drifta av løypelaget er basert på inntekter som kjem frå laget sine medlemmer samt sal av årskort.

Medlemskap kan teiknast av einskildpersonar, lag eller organisasjonar. Dette vere seg hytteeigarar,  grunneigarar, næringsdrivande eller andre som styret godkjenner.

Medlemskap vert etablert ved teikning av ein eller fleire andelar.
Prisen for kjøp er sett til kr.1.500,- pr. andel. (eingangsum)

Medlemmene betaler ei årleg avgift for årskort langrenn,  som årleg vert vedteken på medlemsmøtet. Denne er satt til kr. 900,- og inkluderar årskort for parkering.

 

Årskort langrenn

Dersom ein ikkje ynskjer å vere andelseigar i sjølve løypelaget kan ein støtte drifta ved å kjøpe årskort for langrenn.

Dette kostar kr. 900,- og inkluderar årskort for parkering.

Årskort er kanskje ei fin gåve til den som likar å gå på ski?

Årskort for langrenn får ein kjøpt i billettluka på skisenteret eller på ByggTorget Byrkjelo.

 

Følg trakkemaskina her: